Klinikken

PROFESJONELL BEHANDLING I MODERNE OMGJEVNADER

Manger Tannlegesenter er eit nystarta føretak i Helsebanken på Manger, og er eit samarbeid mellom tannlegane Tor Skutle og Sondre Villanger Håland.

Her har me bygd ein heilt ny og moderne klinikk, der me utfører dei fleste former for tannbehandling frå alminneleg behandling av karies (hol i tennene) og behandling av tannkjøtssjukdom, til visdomstannkirurgi og kjeveortopedisk behandling med Invisalign.

Me har to sekretærar, Astrid Mangersnes og Synne Campbell (vikar for Anette Birknes), som mellom anna assisterar under behandling, syt for at instrument og utstyr alltid er reint og klart, og tar telefonen når du ringer.

 

Me legg spesielt vekt på å gje pasientane ei positiv oppleving, og vi behandlar også mange pasientar som lir av tannlegeskrekk med gode resultat.

Godt verktøy er halve jobben...

Moderne utstyr og lokaler

 

For å gje deg ei god oppleving og ei profesjonell behandling, har me nytt og moderne utstyr, både på behandlingsromma og i sterilen, som er området me gjer instrument og utstyr reint.

 

På dei 4 behandlingsromma har me topp moderne tannlegestolar, som gjer at du kan sitje behageleg, samstundes som me har eit godt utgangspunkt for å gjere ein god jobb.

KVEN ER ME

Synne Campbell

 

Sekretær, vikar for Anette

Astrid Mangersnes

 

Sekretær

Anette Birknes

 

Sekretær (i permisjon)

Tor Skutle

 

Tannlege

Sondre Villanger Håland

 

Tannlege

UTSTYR

Manger Tannlegesenter AS

Idrettsvegen 3, 5936 Manger

 

Telefon: 56 37 10 38

Copyright @ All Rights Reserved